Red Jacket – hyllest til Johannes Kleppevik

Hyllest til Johannes Kleppevik
Johannes er ein bauta innafor Norsk musikkliv. Det er vel ingen artist
som høver betre på ein handverk og trebåtfestival, en han. Red Jackets består av musikarar som har følgt Johannes si musikalske reise gjennom plateinnspelingar og hans faste musikarar. Ekstra kjekt er det at dottera hans – Marlen Kleppevik – er med i bandet.
Utover dei folkekjære slagerane hans, vil Red Jackets presentera
ein avdeling med countrymusikken hans.

“Red Jackets” vart starta av Bjørn Breilid og Gunnar Bergstrøm som eit prosjekt for å spele countrymusikken til Johannes Kleppevik som tidlegare var utgjeve på vinyl i 1971 (End of October) og i 1975 (A little bit of Heaven). I tillegg var målet også å finne demoinnspelingar, øvingsopptak o.l. og få ukjende songar fram i lyset.

Litt om musikarane i bandet
Harald Dyb spelte i “Clive Scott & The Skywegians” då Johannes Kleppevik kom inn i bandet i 1969/1970 som bassist og tok til å levere nykomponert musikk, nok til at dei i oktober 1970 kunne gå i studio i Oslo og spele inn “End of October”, utgjeven i 1971. Harald spelte med Johannes, i studio og live, fram til 1997.

Gunnar Bergstrøm spelte, saman med “Flying Norwegians”, på “A little bit of Heaven” (1975), den andre plata med songar frå Johannes. Vidare medverka han på “Tramp og Trall” (1978) og “Motorbåt og ein laurdagsdans” frå 1999. Gunnar er ein nestor i c&w og rootsmiljøet i Bergen og har spelt med dei fleste.

Bjørn Breilid møtte Johannes i 1977 under innspelinga av “Striladans”, han spelte deretter bass på alt av gammaldans og folkemusikk på dei tre fyrste soloalbuma, på dei to siste spelte han også gitar. Bjørn er såleis einaste musikar som har spelt på alle soloproduksjonane til Johannes Kleppevik.

Arne Rønnestad, Bjørn-Tore Henriksen og Øyvind Boska har ikkje spelt saman med Johannes Kleppevik, men har fått rikeleg høve til å setje seg godt inn i musikken. Alle er erfarne instrumentalistar og dyktige songarar!

Marlen Kleppevik er yngste dotter etter Johannes Kleppevik, ho har songen og musikken til sin far i blodet og leverer flotte versjonar av songane etter Johannes! Vi er veldig glad for at ho vil samarbeide med oss!

Baljelauget

Baljelauget frå Voss spelar førkrigsblues i tradisjonen etter dei gamle heltane frå Mississippi ispedd ein solid dose norsk tradisjonsmusikk. Instrumenteringa er gitar, hardingfele og vaskebalje (washtub bass), og tekstane på dialekt handlar om hjerte, smerte, tull og vas…

Olav Undeland har spelt tradisjonell fingerpicking blues på norske bluesscener i ei årekke no, men finn her eit meir norsk uttrykk saman med Arne Anderdal (hardingfele) med sitt tradisjonsrike svingande felespel, og ikkje minst Svein Prestegard med sin einstrengsbass laga av ein sinkbalje og eit kosteskaft.

Eksterne lenkjer

www.baljelauget.com
facebook:
https://www.facebook.com/Baljelauget/?ref=bookmarks

spotify:
https://open.spotify.com/artist/2ByDz1XKyPtpI6K9ypAJAj

Laudamus

Mannskoret Laudamus

Dei er eit mannskor på ca 20 medlemmer frå Kvam som samlast kvar torsdag i Øystese bedehus til song og pause med kveldsmat. Sidan starten i 1999 har koret hatt fleire dirigentar, og den koret har no er Eirin Beate Åserud-Løvlid frå Bergen. Ho styrer skuta med fast hand og leier koret gjennom repertoaret som spenner frå salmar, gospel, klassiske mannskorsongar, shantys og anna flott mannskor-repertoar. Dei syng i både kyrkje, bedehus, kultur- og konserthus, og i tillegg mange andre samanhengar som her på Båtfestivalen.

Deler av koret har nettopp vore med i framføringa av verket «Må korsets tre slå rot» i Bergen Domkirke og i Norheimsund kyrkje, og no gler dei seg til konsert i Kabuso laurdag 10. juni (altså same dag som dei syng på Båtfestivalen!) Der er alle velkomne til å høyra meir frå syngande karar i følgje med to dyktige damer: Dirigent Eirin Beate og Kvam si «eiga» Sevinj Asgarova Øvrehus på piano!

Velkommen kl 19 i Kabuso!

Matti Røssland Trio

Matti Røssland trio
Med sterke tekstar, vakre viser, sommarlåtar og pop-perler har Matti snike seg inn i mange sine hjarte. Og at han har ein fin penn er heller ingen løyndom. Matti Røssland er ein framifrå låtskrivar, ordkunstnar og lyrikar – vide kjent i Norges musikkretsar for tekstar og melodiar – og har alltid fiksa kunsten å snikra melankolske gladlåtar i beste New Jersey tradisjon. På sin eigen måte. På sin eigen dialekt. Sprudlande og rocka. Varmt og fengande. Stille og vakkert.

Med seg har han
Jørgen Skeie Jr Tangent
Reinhardt Toresen Kor Munnspill perk.

Stjålen Båt 
 

Tøffe tider  (ein ung Matti)
  

Herlig

Grovalark

Grovalark
er ein gjeng lokale musikarar med lang musikalsk fartstid og med nær tilknytning til «Down Town 5600»
Texas/Cobra/Brakkegjengen/Trollbandet m.fl. er bandnavn musikarane deltok i frå konfirmajonsalderen på 70-80 talet.

I januar 2019 skipa dei bandet Grovalark. Bandet spelar for det meste BluesRock som ZZ Top, Lynyrd Skynyrd, Blackburry Smoke m.m.

Bandet består av;
Asle Kristiansen; Trommer
Endre Helgheim; Vokal
Styrk Egil Andersen; Rytme gitar
Johan Bruland; Bass
Bjørn Magne Kristiansen; Solo gitar

Kor so Helst

Scene Norheimsund Gjestehavn, laurdag 10. juni kl. 13:00

Det er ikkje berre ved kysten det finst Shantykor. Innerst i Hardangerfjorden er det ein karagjeng frå Ulvik som har skipa eit Shantykor “Kor So Helst”
Dette er nokre staute hardingar i sin nest beste alder,som har som motto å – kva tid som helst, syngja kva som helst, for kven som helst.

Ferdsle på sjøen i Hardangerfjorden har eksistert i århundrer. Der har sikkert vore trafikk i førhistorisk tid. Ein kan dela denne farten inn 4 epokar der sjøfarten til og frå Hardanger er stor; Viking tida frå 800 talet- Skottehandelen frå ca. 1450-1750 – Norlandsfarten (Jektefarten) utover 1800 talet og seinare varetransport og turistskip frå slutten av 1800 talet som også er stor idag.