Laudamus

Mannskoret Laudamus

Dei er eit mannskor på ca 20 medlemmer frå Kvam som samlast kvar torsdag i Øystese bedehus til song og pause med kveldsmat. Sidan starten i 1999 har koret hatt fleire dirigentar, og den koret har no er Eirin Beate Åserud-Løvlid frå Bergen. Ho styrer skuta med fast hand og leier koret gjennom repertoaret som spenner frå salmar, gospel, klassiske mannskorsongar, shantys og anna flott mannskor-repertoar. Dei syng i både kyrkje, bedehus, kultur- og konserthus, og i tillegg mange andre samanhengar som her på Båtfestivalen.

Deler av koret har nettopp vore med i framføringa av verket «Må korsets tre slå rot» i Bergen Domkirke og i Norheimsund kyrkje, og no gler dei seg til konsert i Kabuso laurdag 10. juni (altså same dag som dei syng på Båtfestivalen!) Der er alle velkomne til å høyra meir frå syngande karar i følgje med to dyktige damer: Dirigent Eirin Beate og Kvam si «eiga» Sevinj Asgarova Øvrehus på piano!

Velkommen kl 19 i Kabuso!