Om oss

“Rotasjonskløyving av furustokk” ved Kasper Krogh Hansen.

Hardanger Trebåtfestival blei starta i 1999 og har etablert seg som vestlandet sin trebåtfestival. Festivalen har sidan starten vore arrangert kvart år i midten av juni unnateke Covid-åra 2020 og 2021. Årets festival er såleis den 22. i rekkja.

Hardanger Fartøyvernsenter er del av festivalen med opne verkstadar og gode opplevingar for store og små.

Frå 2022 satsar me sterkare på tradisjonshandverk og husflid og ynskjer å skapa ein fagleg og sosial møteplass for utøvarane samt ein hyggeleg marknadsplass for visning og sal av produkta.
Gratis deltaking for trebåtar og non-profit handverkarar, rimeleg pris for profesjonelle aktørar.
Festivalen byr på folkeliv, utstilling, marknad, musikk, opne verkstader, faglege føredrag, filmframsyningar og kafé m.m.

Beste helsing festivalstyret
Geir Madsen, festivalsjef

Hardanger Trebåtfestival SA
Postadresse: Gamle Dalaveg 3

Festivaladresse: Kaien 10
5600 Norheimsund
Org nr No 980 374 610

www.trebaat.no
info@trebaat.no