Lite storband med trøkk
spelar blues- og groovemusikk slik den er meint å verta spelt. Rått, med kjensle, og utan noko juggel. Ein groovy miks av eige materiale og sjelfulle klassikarar.
Dette er godt musikalsk handverk utført av ein erfaren gjeng, som i tillegg sprudlar av ungdommeleg speleglede – leikande med ulike sjangrar. Låtane er henta fyrst og fremst med inspirasjon frå amerikansk rock, blues og soul, men også med arrangement som viser at dei høyrer på funk og jazz
Bandet starta som ein hyllest til nokre av dei mest særprega kvinnelege artistane i musikkhistoria, men prosjektet utvikla seg raskt til å bli noko meir. Etter ein solid start med klubbkonsertar og festivaljobbar gjekk det bergensbaserte blues- og groovebandet i studio og spelte inn musikk signert gruppa sine to låtskrivarar Anita Nordheim og Tore Kvalvik. Hausten 2023 var dei henta inn i programmet til Notodden bluesfestival og haust strålande kritikk.
Anita Nordheim – leadvokal, baryton-og alt saksofon
Tore Kvalvik – gitar
Mikael Chauvet Jørgensen – trommer
Peter Sæverud – Bass
Hans Marius Andersen – Trompet
Håvar Skaugen – Tenorsaksofon