Hyllest til Ivar Medaas
Ivar Medaas var bondeguten frå Alversund som tok Oslo med storm og blei nasjonal revystjerne, gjøglar og spelemann, komponist og historieforteljar. Han er ein av dei mest folkekjære og jordnære artistane me har hatt, frå han slo igjennom med visa “Dar kjem dampen” på byrjinga av 60-talet, til han døydde i 2005, femten album seinare.
Stordabuen Endre Olsen & Hestehandlarane har pusta nytt liv i Medaas sin store songskatt, med bluegrasslenande besetning, songharmoniar, og meir fokus på den eineståande musikaren enn revyartisten.
“Dette var, helt ærlig, noe av det beste jeg har sett på en norsk konsertscene. Jeg tar av meg hatten og bøyer meg i støvet, både for musikalitet, gjennomføring og evnen til å modellere dette materialet inn i en form som løfter både band og originalartist opp på et helt nytt nivå.”
(Rune Letrud, Musikkbloggen.no etter bandet sin første konsert, på Den Forvitnelege Countryfestivalen på Voss, mai 2022)
Endre Olsen har dei siste åra utvikla seg som artist