Seks hardingar tørna saman første gong vinteren 2016 med Folgefonna og Hardangerfjorden som bakteppe. Mjødlarók starta opp som eit coverband med eit smakfullt repertoar av klassikarar ein ikkje høyrer for ofte.
Bandet leverer ei god blanding av rock, pop og blues frå dei siste 70 åra miksa med eigenprodusert ferskvare. Reinspikka hardingrock smyg seg innimydlo kleda dine før du rekk å snøra igjen når Mjødlarók drar i gang. I 2020 var me i Walcon studio i Hardanger og spelte inn sju låtar ført i pennen av våre to gitaristar, Torbjørn Fosso og Harry Dijkstra – begge med særs tette bånd til Ulvik. Låtane vart så lagt ut på diverse digitale strøymetenester, mellom anna Spotify og Tidal.
Mjødlarók er eit dialektisk ord som skildrar det fine snødrevet ein får når vinden bles rundt kvite fjelltoppar. På same måten som dette snøkavet snik seg under kleda uansett kor godt du kler deg, håpar me at vår musikk skal finna opne vegar inn til vårt publikum.
Mjødlarók er Torbjørn Fosso på vokal og gitar, Edmund Larsen på bass, Oddvar Ulltang på trommer, Frank Tangen på munnspel og vokal, Dag Harald Østborg på tangenter og Harry Dijkstra på vokal og gitar.
Hardingrock kan jo vera så mangt, men det har i alle fall base i Hardanger og høver difor som samlebegrep for oss. Dei låtane me har spelt inn i studio og gitt ut på ulike strøymetenester er særs ulike; nokre ligg kanskje i popsjangeren medan andre fell inn i kategorien melodisk klassisk rock.