22. årlege, herlege Hardanger Trebåtfestival. Norheimsund, 12.-14. juni 2020 Program 2020

Bilete av klassiske motorbåtar på Hardanger Trebåtfestival med Folgefonna i bakgrunnen.

Fredag kl 00-24. Norheimsund Gjestehamn.

Fredag er dagen for ankomst og fortøyning. Dugnadsgjengen byggjer og riggar festivalområdet. Båtane kjem i klyngjer og einskildvis. Ta turen til kaiområdet og få eit fyrste inntrykk av trebåtutstillinga.

Nb! Eigen festivalgjestekai for gjestande båtar som ikkje er med i trebåtutstillinga. Straum og vatn. Prisar som i gjestehamna. Gjestehamna er reservert for trebåtutstillinga denne helga.

Fredag kl 2115. Atriumet Norheimsund Gjestehamn. Fri inngang for skipper og mannskap på båtane i trebåtutstillinga.

Lukka skipper- og mannskapsmøte for båtane i utstillinga. Presentasjon av utstillingsbåtane og praktisk info. Enkel servering.

Laurdag kl 1000-1800. Festivalområdet i sentrum og Hardanger Fartøyvernsenter. Inngang kr 100. Born 12 år og nedover gratis.

For berre kr 150 får du tilgjenge både til festivalområdet i sentrum og til Hardanger Fartøyvernsenter (750 meter). Sjå trebåtutstillinga, utstillingar og salsbuer på land, allsidig underhaldning frå scenen samt alle utstillingane på Hardanger Fartøyvernsenter.

Sundag kl 1500. Gjestehamna-Straumbrua.

Betal for ei badeand med "ditt" nummer. Endene vert sjøsette frå Straumbrua og rek med Straumen. Premie til den som har nummeret til  fyrste and som passerer mållina. Miljøgaranti: Alle endene er nummererte og registrerte for samvitsfull oppsamling. Defekte ender vert leverte til godkjent mottak.