Elias – den snille redningsskøyta
Elias er kjent frå barne-TV.  Du har kanskje sett han eller lest om den snille redningsskøyta? Elias er Redningsselskapet sin maskot for sjøvettsarbeid blant born.
Under heile båtfestivalen er Elias klar til å ta deg med på tur.  Kom og prøv deg som redningsskøyteskipper.  Lær sjøvett og ver trygg i båt med redningsvest.

Sjølvaste Kaptein Sorte Bill er attende.
Ungane får sjølve vera sjørøvarar på toktet! Under leiing av den barnevenlege sjørøvaren Sorte-Bill, seglar Mathilde avgarde for å finna banden som har stole skatten. Dei har søkt dekning på fartøyvernsenteret. Her blir banden overmanna og ungane deler skatten....herlege sjokolademyntar. 

Vel fornøgde seglar me Mathilde tilbake til sentrum av Norheimsund. Toktet høver best for born frå fire år og oppover.

 Førehandssal av billettar på TicketCo Maks 50 deltakarar. HUGS REDNINGSVEST

Billettlenker til TicketCo:

 link kommer