Velkomen til oss

Hardanger Trebåt- og Handverksfestival, Norheimsund, 14.-16. juni 2024
Trebåtar, Tradisjonshandverk, Marknad, Konsertar og Folkefest.

Med trebåt, tradisjonshandverk og husflid ynskjer me å skapa ein fagleg og sosial møteplass for utøvarane og ein hyggeleg marknadsplass for visning og sal av produkta.
Festivalen byr på folkeliv, utstilling, marknad, musikk, opne verkstader, faglege føredrag, filmframsyningar og kafé m.m.

Hardanger Fartøyvernsenter – ein del av festivalen

Hardanger Trebåt- og Handverksfestival byggjer på sterke og lange tradisjonar. Hardanger har vore fødestad for båttypar og båtar i århundre. Handverkstradisjonar og god tilgang på skog gav grunnlag for storstilt båt -og fartøybygging.
I 1984 blei forløparen til Hardanger Fartøyvernsenter stifta i Norheimsund. Senteret utvikla seg til å bli eit nasjonalt og internasjonalt tyngdepunkt for fartøyvern og maritime handverk. Dette gjer at Kvam herad kanskje har Nord-Europa sin største konsentrasjon av trebåtbyggjarar.

Foto


Fotogalleri fra Trebåt festivalen i 2022

Programoversikt

Gjennom åra har fylgjande “grovprogram” vorte standard vare:
Festivalen går føre seg i Norheimsund sentrum og på Hardanger fartøyvernsenter (felles billett).

Opningstider:
Fredag: Heile dagen mottak av båtar og utstillarar.
Laurdag: kl 10 – 18.
Sundag: kl 11 – 15.

Fredag
Heile dagen: Mottak av båtar og utstillarar i Norheimsund Gjestehamn
Kl 2100: Skippermøte i Atrium, Norheimsund Gjestehamn

Laurdag
Kl 07:00 er det rigging av standar og mottak av utstillarar
i Norheimsund sentrum
Kl 10:00 Utstillingane opnar i sentrum og på Hardanger fartøyvernsenter
Heile dagen på fartøyvernsenteret vil det vera aktivitetar for born, film, føredrag, utstillingar, cafe, levande handverk
Kl 11:00 Frå scenen Acoustic Flashback
Kl 12:00 Offisiell opning
Kl 13:00 Frå scenen Anita Nordheim & Blues Groove Company
Kl 15:00 Frå scenen Olav Stedje
Kl 18:00 Marknaden stengjer for dagen

Sundag
Kl 09:00
Kl 11:00 Utstillingane opnar dørane i sentrum og på Hardanger fartøyvernsenter
Kl 12:00 Frå scenen Mjødlarók
Kl 14:00 Frå scenen Endre Olsen og Hestehandlarane hyllar Ivar Medaas
Kl 15:00 Avslutning – Takk for i år

Akiviteter for barn på
Hardanger fartøyvernsenter