Dataskjermane blinkar og idéane svirrar når arbeidsutvalet for Hardanger Trebåt- og Handverksfestival samlast måndagskveldane. Lufta i messa på Bota, gjestehamna i Norheimsund er tjukk av tung tenkjing.
Bookingansvarleg Dag Rune har sceneprogrammet klart (snart) med ei rekkje knallgode konsertar. Den evigoptimistiske festivalleiaren krummar seg over tastaturet og delegerer oppgåver i aust og vest. Skribenten tygg seg i leppa og luerer på korleis var det no dette og hitt vart gjort i fjor.
Årets festival vert nok den beste. Og det er i tråd med mottoet: “Den minste av verdens beste trebåtfestivalar”.