Ingrid Sørheim er frilans folkemusikar og pedagog på durspel. Ho er kjent for å fengsla publikum med sitt lyriske spel, sterke forteljarglede og varme utstråling. Det kriblar i både lattermuskelen, tårekanalane og dansefoten når ho står på scena. Ingrid har ein bachelor i utøvande tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet, der ho fordjupa seg i heimtradisjonen frå Kvam i Hardanger.
Ingrid har lang røynsle som både soloutøvar, pedagog, dansespelar og ensemblemusikar, og spelar i mange ulike musikalske konstellasjonar. Ingrid Sørheim Trio, Vesterveg, Veijr og Osterøybelgen. For tida er ho mest aktiv eit nytt prosjekt som ho kallar Nortopia.
Trioen Nortopia er som ein frisk bris frå Vestlandet, fengslande og full av liv, og tar deg med på ei berikande musikalsk reise. Med Ingrid Sørheim på Melodeon, Johanne Mjøs på Hardingfele og vanleg fiolin, og Kristian Wolski på Cittern, inviterer Nortopia publikum inn i ei verd der vakre melodiar møtest i eit delikat samspel.
“Ingrid Sørheim er ein framifrå utøvar og pedagog. Samstundes er ho også musikalsk tospråkleg, då interessa for keltisk musikk har resultert i studiopphald i England. Dette er med på å komplettere ein av dei beste yngre utøvarane på durspel i Noreg i dag.” –
Jo Asgeir Lie, rektor på Ole Bull Akademiet