
Bak artistnavnet TAUS står 24 år gamle Oda Eirin Almeland frå Voss. Ordet taus betyr jente på vossamål, og på scenen har ho med seg dei tre tausene sine på trommer, gitar og keys!
TAUS skapar utadvendt og energisk vossapop med artige tekstar om å stjela sjampo frå hotellet, klina med venninner og symja med delfinar, fremført av ei odelsjente fra Voss.
TAUS har teke musikknorge med storm det siste året! Du har kanskje høyrt ho på radioen med låtar som Tyven, Angra ingenting og Sett fyr på himlen?
TAUS har gitt ut tre singler det siste året der alle vart A-listet på NRK P1! Våren 2025 vart Angra ingenting også den mest spilte norske låten på norsk radio.
I mars vant TAUS Vestlandssatsinga 2025 etter å ha spelt på musikkbransjefestivalen 100 dagar på Stord. Og med det vart TAUS booka til 15 festivalar same sommaren.
TAUS vart plukka ut blant over 1000 søkjarar til å opptre på på By:Larm 2025 der ho også vart nominert til Årets Stjerneskudd av Norsk Tipping. I november spelte ho på VillVillVest og vant storstipendet på 100.000kr i tillegg til terningkast fem og ein flott anmeldelse i BT:
– Ho eig scenen frå den augneblinken ho inntek den.
No er ho aktuell med sin sjølvtitulerte debut EP

