Tonje Unstad er ein av våre viktigaste visekunstnarar. Den dobbelte spellemannspris-vinnaren har via seg til det klassiske viseformatet ut ifrå ei erkjenning av at det er frå denne plattforma ho best delar sine tankar og kjensler omkring den skjøre og forunderlege eksistensen me alle tek del i. Det tekstlege er sentralt hos Tonje Unstad, og ho står fjellstøtt som ordkunstnar og forteljar. Men ho skriv også flotte melodiar, og som songar har ho den sjeldne evna å formidla med stor nerve utan store gestar.
«Tom Roger Aadland»
Ho har også vorte brukt som musikar og tekstforfattar i fleire TV- og filmproduksjonar. Unstad har gjort plateinnspelinger og turnéar med Jan Eggum og andre artister, samt besøkt ei rekke barne- og ungdomsskular gjennom Rikskonsartene. Ho har motteke fleire prisar for arbeidet sitt.Tonje har skapt eit univers der hennar sterke tekster, låtar og fantastiske formidlingsevne gjer at både barn og voksne trivst og ikkje minst undrast. Tonje har ein unik evne til å formidla og trollbinda både små og store fans, og smilet og latteren set alltid laust!