
Det vert knall god blues stemning når Trond «Big-T» Sætre med The T-Bones dreg i gang underhaldninga i festivalen.
Trond Egil Sæthre har etablert seg som ein leiande skikkelse i det Bergenske musikkliv.
Han vaks opp i Norheimsund og det var i Ungdomshallen, ungdomsklubbane Raja og seinare Den grøne hane at musikk interessa vaks.
Gjennom laurdagsdansane vart han kjend med mange musikarar frå dei mange banda i Bergen og omegn.
Etter han var ferdig med vidaregåande heime og eit år på Voss var han ein kort periode innom
Bjølvefossen før han flytta til Bergen.
Han kom snart i kontakt med det bergenske musikkmiljøet. På ein laurdagsdans i Øystese der Alfonzo Band spelte, vart han løfta opp på scenen og spelte bass til Muddy Waters – «Got My Mojo Workin» Det vart hans debut som musikar. Det tok ikkje så lang tid før
han sjølv vart med i Alfonzo Band. Han har markert seg som ein dyktig vokalist og bandleiar innan ulike sjangrar.
Hans særegne stemme er anvendeleg innafor både blues, country og rock. Han har derfor vore og er tilknytt flere prosjekt innen desse sjangrene. Det starta med rockebandet Alfonzo Band men vart etter kvart innom fleire band. Han kan i år feira 51 års jubileum.
Han har no restarta BigT- and the T-Bones med nytt og rutinert mannskap som også har vore innom mange band.
Bandet består av:
Trond Egil Sæthre – gitar & vokal (Alfonzo Band, Almost Brothers Band, Gringos – ei stund turnerte han også i ein duo saman med Rune Walle)
Atle Johannesen – gitar (Hungry John, Goodtime Charlie, Alfonzo Band)
Ole Ludvig Krüger – trommer (Karoline Krüger, Sondre Lerche, Ephemra)
Sigurd Ulveseth – bass (Marit Sandvik Band, Knut Riisnæs, North West Quartet)
Helen Eriksen – sax (Animal Farm, Almost Brothers Band, Tommy Tee, DumDum

